Pinsefeiring i Ørskog kyrkje


Velkomen til gudsteneste i Ørskog kyrkje 1. pinsedag, 23.mai kl 11  ved Øystein Braaten, Olav Rønneberg og Arne B. Varmedal.

 

Takkofferet går til NMS. Kyrkjelyden har misjonsavtale med NMS og støtter arbeidet i England og i Etiopia. Bli med til gudsteneste på søndag og gi ditt offer til det viktige arbeidet. 

Pinsedag er ein stor festdag i kyrkja og den nye, raude messehakelen blir brukt for å markere dette (illustrasjonsfoto).

Smittevernrestriksjonane opnar for samling av inntil 50 personar i kyrkja. Der er plass til å site med god avstand på tildelte plassar. Bruk munnbind og set deg inn i dei gjeldande smittevernreglane til Ålesund kommune.

Vel møtt!

Tilbake