Fellesskapskveld med salmesus frå Ørskog


Torsdag 30. september kl 19 blir det fellesskapskveld på kyrkjetorget i Ørskog. Det vert songkveld med prest Vidar Nes Mygland og pianist Oddgeir Nossen.

 

Salmesus frå Ørskog er temaet for fellesskapskvelden, denne siste torsdagen i september. Her vil det bli religiøse folketonar og salmer. Musikar Oddgeir Nossen er kantor i Ålesund og Voldsdalen menighet. Repertoaret hans er stort og her er det mulig å ynskje seg sine favorittsongar. Songynskja kan gjerne bli knytta saman med eigne opplevingar og info om songane. Vidar Nes Mygland er i haust tilsett som prest i Ørskog. På fellesskapskvelden vil Mygland presentere både seg sjølv og sin favorittsalme. 

Det blir servert varm suppe med brød og det blir tid til å prat rundt borda. På Kyrkjetorget har vi plass til å sitte med ein meters avstand, her er handvask og handdesinfeksjon. Dersom du er forkjøla eller blir hindra i kome, er du velkommen til neste fellesskapskveld som blir den 25. november. Vel møtt!

Arrangør: Ørskog sokneråd

Kyrkjelydsbasar siste laurdag i oktober. Ingen fellesskapskveld i oktober.

Fellesskapskveld torsdag 25. november. Temaet blir Sjømannskyrkja v Ole Jakob Risnes. 

Tilbake