Allehelgensgudsteneste med minning i Ørskog kyrkje søndag 7. november kl 18 ved Asbjørg Oksavik Sve, Arne B. Varmedal og Annette Sollie Hagen (golvharpe). Kyrkjekaffi. Velkommen!
HELGEMESSE.
Eller allehelgensgudsteneste som det også heiter, med minning i Ørskog kyrkje søndag kl.18.
Kyrkja er opa ein time før gudstenesta tek til, slik at dei som treng tid og ro i kyrkja kan kome og tenne lys og berre finne roa.
I gudstenesta vert det musikk, andakt, bøn og salmesong, og Annette Sollie Hagen vil også delta her. Ho spelar golvharpe, og vil gje oss dei vakraste tonar frå dette nydelege instrumentet. Diakon Asbjørg vil leie gudstenesta og kantor Arne spelar orgel. Og etterpå vert det kyrkjekaffi og noko attåt i kyrkjeromet.
Helgemesse/allehelgensdag vert kvart år markert fyrste søndagen i november. Det er fint å ha ein dag i året for å minnast dei som ikkje lever blant oss lenger. Og det er viktig å ha ein slik felles sørgedag. Minnemarkeringar for dei døde er blant dei eldste kristne skikkane.
Tidspunktet er kanskje tilfeldig valt av våre tidlegare kyrkjefedre, men på same måte som det høver med jul vinterstid og påske når vinter går mot vår, er hausten ei fin tid å minnast våre døde. Når sommar og uteliv er over, og hausten har gått inn i siste fase, kan det melankolske, ettertanken og minna få meir ro over seg. Og når det mørknar kan lystenning vere ein fin måte å minnast på. For kyrkja er det naturleg å gå til Johannesevangeliet sine ord når vi tenner lyset i lysgloben: «Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunne det.»
Dei fleste kyrkjer held ope denne helga for å takke for livet som har vore, for samtale, lystenning og for å smøtast i sorg og sakn. Etterlatne etter dei som er gravlagde sidan allehelgen i fjor har fått invitasjon til å kome, og namna på dei døde vert lese opp.
Kyrkja er ein stad for å sørge, sakne, vone, le, fortvile, kjenne på sinne og alt som høyrer med når vi minnast våre nære som er døde. Gudstenesta er opa for alle, og sorg og sakn kan kjennast sjølv om det har gått både år og tiår etter at dei kjære døydde. Det er mange typer sorg, men denne helga er det særleg sorg etter dødsfall som vert markert. Vi takkar Gud for livet og fellesskapet, og vi ber om hjelp i sorga og saknet etter våre nære. Og himmelhåpet skal vi også lyfte fram allehelgenssøndagen.
Om de vil ha samtale med diakon eller prest finn de kontaktopplysning på heimesida https://orskog.kyrkjelyd.no
Tekst og foto: Asbjørg Oksavik Sve, diakon