Fellesskapskveld torsdag 21. april


Velkommen til fellesskapskveld på Kyrkjetorget torsdag 21. april kl 19. Temaet er Anders Hovden sitt liv, som frilyndt prest og salmediktar. Temaholdar er Solveig Aksnes og dikt blir lest av Steinar Aksnes. 

 

Anders Hovden var frå Ørsta, tok utdanning og fekk arbeid som prest. Medgang og motgang i liv og arbeid har prega hans forfattarskap. Han har omsett ei rekke salmetekstar til nynorsk og er sjølv forfattar av salmen «Fagert er landet».

Solveig Aksnes har bakgrunn frå grunderverksemd, noko som har gitt ho kjennskap til og interesse for Hovden-familien. Som tidlegare lærar, vil ho på ein variert og strukturell måte gi innblikk i Anders Hovden sitt liv og forfattarskap. Ho speler piano til allsongen. Dei kjende salmane til Hovden får eit tydelegare innhald, sett i samanheng med livsepoken som forma teksta. Tekstar av Hovden blir lest av Steinar Aksnes. 

Det blir servert kveldsmat og det blir tid til å prat rundt borda. Vel møtt!

Arrangør: Ørskog sokneråd

Tilbake