Fellesskapskveld med grillfest


Velkommen til Fellesskapskveld 9. juni kl 19. Det blir grillfest ved Kyrkjetorget på Sjøholt.

Kyrkjetorget har i vår fått oppgradert fasaden, med nye grunnmurplater og beslag. I kafedelen er det innstallert nye taklys. I fjor vart ny port til bruktbutikken installert. I kyrkja er våpenhuset med tak, veggar, dører og golv ferdig måla. No er dåpssakristiet under oppussing. Også toaletta i kyrkja får nødvendig vedlikehald og oppussing. 

Endeleg kan kyrkjelyden samlast til grillfest! Torsdag 9. juni kl 19 vil grill og bålpanne vere varm og det blir høve til å ta middagen i eit hyggeleg fellesskap. 

Soknerådet inviterer spesielt alle frivillige ved bruktbutikken og i gudstenestearbeidet. Fellesskapkvelden er open for alle. 

Vel møtt!

Arrangør: Ørskog sokneråd

Tilbake