Opa kyrkje i påska


Velkomen til opa kyrkje Langfredag og 1.påskedag kl 11 i Ørskog kyrkje. Gi ditt takkoffer til Israelsmisjonen. Vippsnr 91316, Ørskog kyrkje.

 

Å søkje til Guds hus når ein kjenner på uro og einsemd kan gje trøyst og kraft. 💒 

Vi har opa kyrkje for bøn, lystenning og/eller samtale. Det blir spelt musikk. Tilsette deler på tenesta og vil vere der for dykk. Kyrkja er opa i gudstenestetida:

  • Langfredag 2. april kl 11-12. Ingen offer.
  • 1. påskedag 4. april kl 11-12. Takkoffer til Israelsmisjonen. Vippsnr 91316, Ørskog kyrkje.

Det er plass til 10 personar i kyrkjerommet. Vi vil vere nøye med reinhald og tek på alvor råda om smittevern. Vi ber om at alle som kjem også passar på. Hald god avstand og bruk munnbind.

Velkomne!

Bilde: Alteret i Ørskog kyrkje langfredag.

Tilbake