Velkommen til opa kyrkje i Ørskog kyrkje torsdag 22.juli. Klokkeringing kl 12-12.05. Opa kyrkje med mulighet for lystenning og samtale kl 12-13.30.
I år er det ti år sidan angrepet på Regjeringskvartalet og på Utøya. Som ein del av lokalsamfunnet er kyrkja med på å bære sorga og dei vonde minna, men også håpet.
Klokka 12 til 12:05 vil kyrkjeklokkene ringe over heile landet for å vise alle lokalsamfunn at kyrkja går i forbønn for dei som er berørt.