Ta turen til Skodje denne kvelden!
Jubileumsforedrag – kyrkjemøtet i Nikea 1700 år.
Det er ei tid sidan sist temakveld i Skodje kyrkje. Men no kjem eit tema i høve at den verdsvide Kyrkja dette året rundar 1700 år sidan den Nikenske truvedkjenninga vart utmeisla. Dette første kyrkjemøtet som keiser Konstantin innkalla til i Nikea i dagens Tyrkia fekk historiske fylgjer og den dag i dag er dette den mest samlande vedkjenninga som den kristne kyrkja i verda har. Den vert i Den norske kyrkja mest brukt i høgtidene som 1. påskedag, 1 pinsedag og på 1. juledag.
Bakgrunnen for vedkjenninga er spennande. Den arter seg nok ganske annleis enn det bilete som Dan Brown tegna i sin populære roman «Da Vinci – koden». Her er det postulert ein del «fakta» som ikkje held vatn overhovudet.