Kyrkjetorget fyller 20 år! Laurdag 29. november inviterer Ørskog sokn til kyrkjebasar og jubileumsfest – ei markering av huset som i to tiår har vore ein viktig møteplass for små og store. Velkomen til feiring, fellesskap og jubel!
Kyrkjetorget blei opna i 2005 og har sidan vore eit levande samlingspunkt i Ørskog. I år feirar vi 20-årsjubileum, og det vil vi gjere på skikkeleg vis – saman med alle dykk som har brukt, støtta og fylt huset med liv gjennom åra.
Laurdag 29. november går feiringa av stabelen:
• På dagtid kl. 11.00-15.00 blir det kyrkjebasar med loddsal, tombola og kafé – og sjølvsagt ope i bruktbutikken for alle som vil gjere eit godt funn.
• Frå kl. 19.00 inviterer vi til jubileumsfest med program, god mat og hyggeleg sosialt lag. Festen er open for alle, men krev påmelding for å sikre god tilrettelegging.
Påmelding: via heimesida innan 21.november kl. 12.00
Lenke til påmelding: Påmelding jubileumsfest