Velkommen til digital andakt her frå søndag kl 11 og til friluftsgudsteneste på Giskemo søndag kl 12 Ta med akebrett, varm drikke, pølser til bålpanna, varme kle og noko å sitte på. Diakon Asbjørg Oksavik Sve er liturg og Knut Ivar Bøe speler trekkspel. Tårnagentane er i kyrkja på laurdag og søndag er dei klare til gudsteneste i det fri.
Sokneprestane Jan Løkkeborg og Øystein Braaten har tatt opptak av andakt. Vi nærmar oss fastetida. I søndagens tekst er vi inne i ei av Jesus sine talar om hans død og oppstode. Teksta er frå Johs 12, og vi skal høyre om kveitekornet si lov. Og også om at Gud gjennom død og mørke kan skape nytt liv. Videoklippet startar kl 11.00 på søndag, men du kan sjå det når som helst etter det.
https://youtu.be/5EtMcQUQEx8