Velkommen til gudsteneste igjen i Ørskog kyrkje. Merk tida: gudsteneste søndag 28. februar blir kl 14 ved Jan Løkkeborg og Arne B. Varmedal.
Velkomne til gudsteneste i kyrkja søndag 28. februar kl.14. Merk klokkeslettet! Litt uvanleg tid, men det var opprinneleg planlagt ei kveldsgudsteneste, men framskunda til kl. 14 pga. dåp. Og mannskapet kjem frå gudsteneste i Stordal, difor kl.14: Skodjepresten Jan Løkkeborg og kantor Arne B. Varmedal.
No kan vi igjen ynskje velkomne alle til gudsteneste, og har lov til å ha 100 personar i kyrkja vår. Men hugs at vi må ha to meter avstand i alle retningar til dei vi ikkje bur ilag med. Handhygiene. Og du må ikkje ha forkjølingssymptom.
Ikkje påmelding, berre kom!
Foto:AOS